
Sommarferieturn 2025
Arrangør:
Førde IL - Turn
Påmeldingsfrist: 20.06.2025 14:00
Tid
Pris
Førde IL Turn har gleda av å invitere til Sommarferieturn veke 26, 27 og 33!
Tilbodet er for både aktive turnarar og dei som ikkje har turna tidlegare.
I veke 26, 27 og 33 er det turntilbod mandag t.o.m fredag. Under finner de meir info om korleis veka er lagt opp.
Tidspunkt alle dagar: kl 09:30 - 14:30.
To økter turn kvar dag og 30-45 min matpause.
Tirsdag i veke 26, 27 og 33 har vi booka Sunnfjordparken halv dag for alle. Levering blir ved Sunnfjordparken denne dagen. Dei går tilbake til hallen etter dei er ferdig.
For 1-3.klasse vil det bli korte pausar mellom parken og hallen. Dei vil være tilbake i turnhallen innan 14:15.
Billettavgift alle veker:
1350,- inkl. halv dag i Sunnfjordparken.
Påmeldingsfrist i veke 26 og 27 er 20.juni
Påmeldingsfrist i veke 33 er 8.august
Påmelding er bindande: Vi bemannar opp instruktørar i samsvar med påmeldingar, og Førde IL Turn kan difor ikkje ta økonomisk risiko for uforutsett sjukdom e.l.
Dersom påmelde ikkje er medlem av Førde IL må medlemskontigent på kroner 150,- betalast i tillegg.
OBS! Barn som normalt har behov for assistent på skulen, må ha med seg assistent her også.
Ta kontakt på epost eller telefon ved spørsmål: ferieturn.forde@gmail.com eller ring 988 94 231
Litt info:
- Møt i turndrakt eller tettsittande treningskle
- Ta med lunsj og drikkeflaske og evt noko frukt
- Hugs å merke kle og drikkeflasker
- Vi må ha beskjed fra foreldre om borna skal gå heim sjølve
Meir informasjon blir sendt ut på mail nokre dagar før oppstart.
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.