Avlyst o-løp 2. juledag

Postet av Førde Idrettslag den 23. Des 2023

Vinteren kom tilbake. Har blitt litt vel mykje snø i terrenget på Soleide, og som arrangør har vi tatt avgjerd om å avlyse løpet 2. juledag. Skulle det bli veromslag kan det bli aktuelt å prøve seg igjen seinare i romjula, det kjem vi ev. tilbake til.  God jul til alle gode o-venner.  




O-posten 2023

Postet av Førde Idrettslag den 22. Des 2023

Førde IL Orientering publiserer O-posten 2023. Her finn du oversikt over mykje av aktiviteten som har vore i o-gruppa siste året. God lesnad! 

O-posten 2023.pdf

God jul og godt nytt år til alle våre følgjarar. God jul til våre trufaste støttespelarar på sponsorsida.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Romjulsløp 2. juledag

Postet av Førde Idrettslag den 20. Des 2023


Klart for romjulsløp i Førde tysdag 26. desember (2.juledag) på Soleide.
Då er det mogeleg å springe av seg litt av ribbefettet :)
Påmelding og fullstendig innbyding finn du her.  Velkomen! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




morO og nattorientering 18.12

Postet av Førde Idrettslag den 18. Des 2023

Siste morO før jul i Hafstadparken måndag 18.12. kl 18.00 - 19.30. Velkomen til alle i aldersgruppa 8-12 år. Først ein time ute med leik og moro, så kveldsmat inne på FIL-huset. Gratis! 

Det ligg ute ei nattorienteringsløype for dei som ønsker å prøve. Kartutdeling kl 18.00!





MorO i Hafstadparken 11.12

Postet av Førde Idrettslag den 10. Des 2023

Klart for MorO i Hafstadparken måndag 11. desember kl 18.00 - 19.30. Nattorientering for dei som ønsker det, ei lang løype og ei kort løype, med kartutdeling kl 1800. Kakao på FIL-huset etterpå :) 




Kurs i løypeteikning

Postet av Førde Idrettslag den 4. Des 2023

Norges Orienteringsforbund inviterer til mange digitale kurs i januar og februar.
Her er det moglegheiter for å ta kurs for å auke kunnskapen sin. Oppfordrar medlemmer i klubben til å ta kurs.

  • Trener-2 kurs, digitalt , 4 kvelder jan.-feb. + helg 27.-28. januar. Invitasjon og påmelding HER
  • OCAD løypetegningskurs, digitalt over to kvelder, 15.+16. januar.. Invitasjon og påmelding HER 
  • OCAD løypetegningskurs, digitalt over to kvelder, 22.+23. januar.. Invitasjon og påmelding HER
  • Purple Pen løypetegningskurs, digitalt en kveld, 8. januar. Invitasjon og påmelding HER  
  • Purple Pen løypetegningskurs, digitalt en kveld, 30. januar. Invitasjon og påmelding HER

Det vil bli satt opp flere andre type kurs , både digitalt og fysisk, utover vinteren. Følg med for annonsering av kurs og samlinger på Eventor/forbundsaktiviteter HER




Natt-o og innandørstrening

Postet av Førde Idrettslag den 4. Des 2023

Onsdag 6.12. vert innandørstreninga på Slåtten skule AVLYST grunna anna arrangement på skulen. Neste innandørstrening vert onsdag 13.12 kl 19.00 - 20.00.

Måndag 4.12 er det morO i Hafstadparken for aldersgruppa 8-12 år kl 18.00-19.20. Her ligg det ute ei treningsløype i nattorientering som alle kan som ønsker kan springe/gå igjennom. Start nattorientering kl 18.00. Tilbodet gjeld også alle måndagar fram til jul :) 




O-trening måndag og onsdag

Postet av Førde Idrettslag den 27. Nov 2023

O-gruppa har to treningsaktivitetar gåande fram mot jul. På måndag kl 18.00 er det morO i Hafstadparken. I samband med det ligg det ute ei A-lang og A-kort treningsløype som det er mogeleg å gå/springe. Nattorientering, så hugs lys. Utdeling av kart kl 18.00. 

Onsdag er det innandørstrening på Slåtten skule kl 19.00. Her er plass til fleire, så bli med :) 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Leik og moro på måndagar

Postet av Førde Idrettslag den 18. Nov 2023

Orienteringsgruppa har starta opp "mor-O" i Hafstadparken på måndagar. Dette er eit gratis lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg serverer vi kveldsmat på FIL-huset før ein reiser heim. Sist måndag var det 16 unge med - og vi har plass til fleire. Så det er berre å ta turen til Hafstadparken kl 1800 på måndagar. 

Her kan du lese meir:  mor-O aktivitet born og unge.pdf 

Lokalavisa Firda var også innom på første kvelden. Les meir om det her:
https://www.firda.no/det-er-kjekt-a-kunne-bidra-til-at-ungar-har-det-moro-i-kvardagen/s/5-15-164640

Minner også om innandørstrening på Slåtten skule på onsdagar kl 19.00 for aldersgruppa 13 år oppover. 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Innetrening Slåtten onsdagar

Postet av Førde Idrettslag den 6. Nov 2023

Det vert innetrening på Slåtten skule, gymsalen, frå kl 19.00 på onsdagar. Ein times trening. Litt styrketrening, balansetrening og o-teknisk trening.  Hjarteleg velkomne til alle frå 13 år og oppover. Bli med du og :)




Nattløp og premiefest

Postet av Førde Idrettslag den 30. Okt 2023

Onsdag 1. november vert det nattløp og premiefest i Hafstadparken. Nattløp frå kl 17:30. Ta med lykt. De kan melde på løpa på Eventor, eller ved oppmøte. Vi held til bak i kroken på FIL-Huset mot fotballbana.
N-løype på 1,7 km og A-løype på 3 km. 

Etter løpet, så trekker vi inn i kantina på FIL-Huset, der det vil bli servering av kaker og kaffi/saft.
Kl 19:00 så starter premieutdelingen for deltaking på Turorienteringa.
Deretter deler vi ut premier for deltaking på nærløpa, til dei som kom på pallen på lagsmeisterskap og til vinner av spurtpris.

Når vi er ferdig med dette, så vil det bli loddtrekking av flotte premier (alle får lodd når dei kjem inn fra løpet.

Legg ved lista over kven som har oppnådd pokal/premie for nærløpa, lagsmeisterskap og spurtpris.

Premieliste for nærløp: Premieliste 2023.pdf
Turorientering: Premieliste Tur-O 2023.pdf (premie til dei som er merka med grønt)

Håper vi ser dåkke alle på premiefesten!




Leik og moro i Hafstadparken

Postet av Førde Idrettslag den 28. Okt 2023


Orienteringsgruppa i Førde har fått tildelt midlar som er øyremerka brukt på born og unge.
BUFDIR  (Barne, ungdoms- og familiedirektoratet), samt lokale støttespelarar, har gitt oss mogelegheit til å opprette eit lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg til aktivitet vert det også kveldsmat i FIL-huset før ein reiser heim.

Lågterskeltilbod. Alle kan vere med. Gratis. Einaste ein treng er å ha klede som kan brukast til uteaktivitet. Aktiviteten vil i stor grad vere leik og moro - ikkje så mykje mot orientering. 

Første gong vert måndag 30. oktober. Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit slikt tilbod?

Her kan du lese meir:  mor-O aktivitet born og unge.pdf 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Premiefest (og løp) onsdag 1.11.

Postet av Førde Idrettslag den 27. Okt 2023

Onsdag 1. november avsluttar vi utesesongen for i år. Da blir det siste nattløpet i Hafstadparken fra kl 17:30. De kan melde på løpa på Eventor, eller ved oppmøte. Vi held til bak i kroken på FIL-Huset mot fotballbana. 

Her blir det løyper til alle aldrer og nivå, så lad opp hodelykta og bli med!

Etter løpet, så trekker vi inn i kantina på FIL-Huset, der det vil bli servering av kaker og kaffi/saft.
Kl 19:00 så starter premieutdelingen for deltaking på Turorienteringa.
Deretter deler vi ut premier for deltaking på nærløpa, til dei som kom på pallen på lagsmeisterskap og til vinner av spurtpris.

Når vi er ferdig med dette, så vil det bli loddtrekking av flotte premier (alle får lodd når dei kjem inn fra løpet.

Legg ved lista over kven som har oppnådd pokal/premie for nærløpa, lagsmeisterskap og spurtpris.

Premieliste for nærløp: Premieliste 2023.pdf
Turorientering: Premieliste Tur-O 2023.pdf (premie til dei som er merka med grønt)

Håper vi ser dåkke alle på premiefesten!




Leik og moro i Hafstadparken

Postet av Førde Idrettslag den 26. Okt 2023


Orienteringsgruppa i Førde har fått tildelt midlar som er øyremerka brukt på born og unge.
BUFDIR  (Barne, ungdoms- og familiedirektoratet), samt lokale støttespelarar, har gitt oss mogelegheit til å opprette eit lågterskeltilbod for aldersgruppa 8-12 år. Gratis trening / aktivitet 1 gong i veka. I tillegg til aktivitet vert det også kveldsmat i FIL-huset før ein reiser heim.

Lågterskeltilbod. Alle kan vere med. Gratis. Einaste ein treng er å ha klede som kan brukast til uteaktivitet. Aktiviteten vil i stor grad vere leik og moro - ikkje så mykje mot orientering. 

Første gong vert måndag 30. oktober. Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit slikt tilbod?

Her kan du lese meir:  mor-O aktivitet born og unge.pdf 



Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nattløp onsdag 25.10 - med resultat

Postet av Førde Idrettslag den 22. Okt 2023

Natt-O-løp onsdag 25. oktober. Oppmøte ved enden av Langelandsvatnet nord nærast Førde, parkeringsplassen til høgre når ein kjem frå Førde.

Vi har tre løyper: A-lang 3,8 km, A-kort 2,4 km og C-løype 1,5 km. Start når det er mørkt ca. kl 19.00. Vi har påmelding via Eventor og ved start. Inga påmeldingsavgift. Det vert høve til å legge ut sporet i Livelox etter løpet.

Resultata med strekktider finn du her:
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Nattløp Bekkeholten (orientering.no)

Terminliste natt-o-løpa:
Ons. 4.10   Kinna, Byrkjeflot.  Ansvarleg:  Gunnar      
Ons. 11.10  Klappene, Soleide. Ansvarleg:  Jostein  
Ons. 18.10  Digernesvatnet, Langeland nord, aust. Ansvarleg Mark / Charlotte
Ons. 25.10   Bekkjevatnet, Langeland nord, vest.  Ansvarleg: Torodd. Lagsmeisterskap     
Ons. 1.11   Hafstadparken, FIL Huset. Ansvarleg:  Yngve/Harald

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nattløp onsdag 18.10 - med resultat

Postet av Førde Idrettslag den 12. Okt 2023

Nattorientering onsdag 18. november . Oppmøte ved den enden av Langelandsvatnet som er nærast Førde, parkeringsplass der det går veg innover til Hunsrasta og Bekkjavatnet. https://www.google.com/maps/place/61%C2%B025'19.9%22N+5%C2%B049'06.8%22E/@61.4221935,5.8159901,17z/data=!3m1!4b1!4m4!3m3!8m2!3d61.422191!4d5.818565?entry=ttu

3 løyper. A-lang på 3-4 km, A-kort 2-3 km og C-løype på ca 2 km. Start: når det er mørkt, dvs. ca kl 1930.
Påmelding ved start. Inga påmeldingsavgift. Velkomen! 

--------------
RESULTATLISTE:

14 var med til Digrenesvatnet i det fantastiske finne været.


A Lang

Torbjørn Os48:15
Charlotte Watson52.46(I dagslys)
Anders Slåtten54:30
Edvin Helle1:02:06
Gunnar Gytri1:02:23
Torodd Os1:05:35
Norvald Ospehaug1:06:08
Håkon Grønli1:15:11
Torbjørn HolsenDSK



A Kort

Marius Dalin29:40
Jostein Fredly51:13
Lars KyteGjennomført (Tid ukjent)



C

Julie Daling27:44
Jørgen Korsøen27:44



Terminliste natt-o-løpa:
Ons. 4.10   Kinna, Byrkjeflot.  Ansvarleg:  Gunnar      
Ons. 11.10  Klappene, Soleide. Ansvarleg:  Jostein  
Ons. 18.10  Digernesvatnet, Langeland nord, aust. Ansvarleg Mark / Charlotte
Ons. 25.10   Bekkjevatnet, Langeland nord, vest.  Ansvarleg: Torodd. Lagsmeisterskap      
Ons. 1.11   Hafstadparken, FIL Huset. Ansvarleg:  Yngve/Harald

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Grøne turar til 20. oktober

Postet av Førde Idrettslag den 12. Okt 2023

Turorientering. Framleis mogeleg å ta dei grøne turane i sentrumsområda i Førde. Dei vil stå ute til 20. oktober. Turane som ligg i terrenget er tatt inn. Har vore mykje regn siste tida, men på desse grøne turane går du stort sett på veg. Då toler vi litt ekstra regn :) Så her er framleis moglegheit.

Karta og meir informasjon finn du her.

Minner også om premiefest onsdag 1. november i Hafstadparken. Vert natt-løp frå kl 1730. Premiefest for turorientering, nærløp og lagsmeisterskap frå kl 19.00. Kjem tilbake med meir informasjon når ein nærmar seg. 





Nattløp Soleide 11.10 - med resultat

Postet av Førde Idrettslag den 9. Okt 2023

Klart for nytt nattløp onsdag 11. oktober. Denne gongen på Soleide. Samlingsplass: "den vanlege" rett før grinda til gardane på Soleide. Kart: Klappene. Tre løyper: A-lang ca 3 km, A-kort ca km, og C-løype ca. 1 km. Start når det er mørkt, frå kl 19.30. Lad lykta og bli med. Påmelding ved frammøte. Inga påmeldingsavgift. 

RESULTATLISTE: 

A-Lang
Torbjørn Os 40,50
Mark Purkis 42,21
Torbjørn Holsen 42,31
Anders Slåtten 54,44
Jon Anders Schei 59,30
Marius Dahlin 61,10
Gunnar Gytri 64,22
Yngve Årdal 64,28
Torodd Os 77,41
Stian Vallestad Alvær 88,02
Lars Kyte Brutt
A-Kort
Helge Schei 53,19
Anita Hole 74,55
Knut Even Hole 74,55
C-Løype
Bodil Ryste 21,34
Ella Ryste Haugsbø 24,58
Tarjei Ryste Haugsbø 27,01



Terminliste natt-o-løpa:
Ons. 4.10   Kinna, Byrkjeflot.  Ansvarleg:  Gunnar      
Ons. 11.10  Klappene, Soleide. Ansvarleg:  Jostein  
Ons. 18.10  Digernesvatnet, Langeland nord, aust. Ansvarleg Mark / Charlotte
Ons. 25.10   Bekkjevatnet, Langeland nord, vest.  Ansvarleg: Torodd. Lagsmeisterskap      
Ons. 1.11   Hafstadparken, FIL Huset. Ansvarleg:  Yngve/Harald





Natt-orientering 4.10 - med resultat

Postet av Førde Idrettslag den 30. Sep 2023

Onsdag 4. oktober startar natt-o-sesongen. Førde IL Orientering har 5 løp denne hausten. Starttidspunkt vil variere litt, etter når mørkt det er ute. Første løp har frammøte i grushola før Byrkjeflot (Kinna) kl 19.30. Det er 1 km å gå til start for alle løyper. Løypelengder A-lang 4,3 km, A-kort 2,1 km og C-løype 1,4 km. Ikkje N-løype på natt-o-løp. Bildet over viser C-løypa.  Husk å ladde lykta i tide. Påmelding ved frammøte. Gratis deltaking. Vel møtt! 

RESULTATLISTE:

A-lang
Mark Purkis 39,21
Håkon Grønli 40,29
Anders F. Slåtten 42,41
Torbjørn Holsen 45,58
Torbjørn Os 57,22
Torodd Os 67,52
Yngve Årdal 73,21

A-kort
Marius Langballe Dalin 33,17
Knut Folkestad 33,30
Kurt Grønli 33,42
Norvald Ospehaug 36,41
Anja Sægrov 41,00
Helge Schei 45,38
Anita Eilertsen Hole 57,55
Knut Even Hole 58,30


Terminliste natt-o-løpa:
Ons. 4.10   Kinna, Byrkjeflot.  Ansvarleg:  Gunnar      
Ons. 11.10  Klappene, Soleide. Ansvarleg:  Jostein  
Ons. 18.10  Digernesvatnet, Langeland nord, aust. Ansvarleg Mark / Charlotte
Ons. 25.10   Bekkjevatnet, Langeland nord, vest.  Ansvarleg: Torodd. Lagsmeisterskap      
Ons. 1.11   Hafstadparken, FIL Huset. Ansvarleg:  Yngve/Harald




Klarer vi 100 på turorientering?

Postet av Førde Idrettslag den 28. Sep 2023

Så langt er det kring 90 deltakararar som har registrert seg deltakarar på turorientering. Klarar vi nokre til, slik at vi passerer målet om 100 deltakarar i år? 

Oppfordrar alle aktive o-løpararar, og andre som likar tur i skog og mark, til å bli med. Tur-o-postane ligg ute til 10. oktober. Bildet er frå post i Movika. 

Karta og meir informasjon finn du her.



2 Kommentarer

Digitale o-kompetansekveldar

Postet av Førde Idrettslag den 24. Sep 2023

Invitasjon til digitale kompetansekvelder Norsk Orientering , uke 44 og 45

Norges Orienteringsforbund inviterer til webinar på ukekvelder i perioden 30. oktober til 9. november der målet er å gi inspirasjon og kunnskap og styrke våre felles mål om økt aktivitet og utvikling i orientering.

Det blir et rikholdig og variert program med totalt 16 ulike webinar og vi håper at temaene frister til deltakelse.  Både ungdom og voksne, nye og erfarende er velkommen.  Gratis deltakelse!

Flott om du vil hjelpe med å spre informasjonen til klubbens medlemmer, dele på nettsider og i sosiale medier.

- Programmet for kompetansekveldene kan du lese i helhet her:  høyoppløselig   Program og lavoppløselig  Program

  • Påmelding gjøres i Eventor/forbundsaktiviteter HER (Vi oppfordrer til påmelding før 28. oktober)

Sjå på programmet. Kurs er gratis. Her er det noko for alle. 

Håper at mange frå Førde IL Orientering nyttar moglegheiten å bli med på eit eller fleire! 




Nærløp Slåtten skule 20.9.

Postet av Førde Idrettslag den 19. Sep 2023

Klart for årets siste nærløp i orientering onsdag 19. september. Oppmøte Slåtten skule. Start frå kl 18.00. Løyper for alle. Om løypene opplyser løypeleggar: "Ei lita runde i skogen på A/C-løype. Mest gate/skuleområde, og litt grusveg/friområde". 

Påmelding på Eventor, eller ved oppmøte. Velkomen til alle! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp Sunde skule 13.9 - med resultat

Postet av Førde Idrettslag den 11. Sep 2023

44 løparar på start onsdag 13.9. Løypevinnarar vart: A kort kvinner Vena Fristad, A kort menn Kurt Grønli, A lang kvinner Gøril Fristad, A lang menn Henning Tjørhom, C kvinner Olea Fristad, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Neste nærløp, det siste før nattløpa startar, er onsdag 20.9 med oppmøte Slåtten skule. Påmelding gjer du her. 

--------------------------------------------------------

Det vert nærløp, sprint, onsdag 13. septemberr frå Sunde skule. Start kl 18.00. Løypeleggar melder om A-lang løype på 2,9 km, A-kort på 2,2 km, C-løype 1,6 km og N-løype på 1 km. Skovalg: Det meste av løypene går på fast underlag, men på enkelte strekk kan ein vere innom terreng. 

Påmelding på Eventor eller ved frammøte. Velkomen til alle!

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




KM-vinnarar og Stafett for livet

Postet av Førde Idrettslag den 10. Sep 2023

I helga har det vore avvikla KM sprint og KM langdistanse i Sogndal.  På laurdag var det sprint i Sogndal sentrum, og Førde IL Orientering hadde følgjande KM-vinnarar: Kurt Grønli (H70), Håkon Grønli (H17), Gaute Osvoll (H13-14). 

Søndag var det KM langdistanse med startstad i Hodlekve. Der vant Håkon Grønli (H19) og Kjartan Hauger (H50).

Fullstendig resultaliste med strekktider finn du her:

Laurdag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17611
Søndag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17612


STAFETT FOR LIVET
I helga var det også mange i Førde IL Orientering som deltok på Kreftforeninga sitt arrangement Stafett for livet på Førde stadion. Vi hadde folk på bana alle 24 timane, og til tider var det mange som gjekk samstundes. Totalt 800 runder vart gått dette døgnet. Imponerande! For dei som vil støtte Kreftforeninga sitt arbeid, kan ein klikke seg inn her:

https://digitalinnsamling.kreftforeningen.no/team/forde-ilorientering

På bildet Gaute Osvoll som var med på KM-sprint laurdag og Stafett for livet søndag.

Neste nærløp vert onsdag 13.9 med oppmøte Sunde skule kl 18.00. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Stafett for livet 10.-11. sept

Postet av Førde Idrettslag den 8. Sep 2023

Førde IL Orientering har også i år meldt på eit lag til Stafett for livet. Mange av dåkke var med i fjor, og eg trur alle hadde det kjekt, sjølv vi som gjekk midt på natta 🙂 Det var ei eiga stemning heile helga på ein måte.

For dåkke som ikkje tar turen til Sogndal og KM denne helga, bli med og ta nokre rundar for O-gruppa i staden for.

Ta med ein venn/venninne, det treng ikkje være eit medlem 🙂

Påmelding kan de gjere her: FIL-Orientering - Kreftforeningens Stafett for livet

Ta kontakt om du lurer på noko og gi gjerne ei tilbakemelding på kva tidspunkt du ynskjer å ha din stafett etappe. Nokre har alt meldt seg, målet er å ha ein på bana alle dei 24 timane.

Stafettstart er laurdag kl 12.00, med avslutning søndag kl 12.00.

O-gruppa vil ha eige telt som i fjor.

Følg gjerne Stafett for livet på Facebook

 Håpar vi sjåast til helga!

Med helsing

Knut Even Hole, "Lagkaptein 🙂"


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp Høgda 6.9. - med resultat

Postet av Førde Idrettslag den 4. Sep 2023

47 løparar på start på nærløpet onsdag 6. september. Løypevinnarar: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellengen, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Elisabeth Kusslid, A-kort menn Knut Folkestad, C kvinner Synnøve Husevåg-Lobben, C menn Anders Mallasvik.  Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

----------------------------------------

Onsdag 6. september vert det nærløp på Høgda, ved enden av Langelandsvatnet. Parkering ved sidan av E39, på vegen som går inn mot Hunsrasta. 

Løypelengder; AL=4,6km, AK=2,8km, C=1,9km, N=1,6km (bildet over).

Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





KM og o-leir i Sogn

Postet av Førde Idrettslag den 30. Aug 2023

Sogndal IL Orientering håper å sjå mange løparar frå Sunnfjord i Sogn helga 9. og 10. september
Dei inviterer og skriv: 

 Hva med en tur til Sogn neste helg?! Vi kan tilby: 

-  raske løyper i sprintløypene i sentrum (lørdag 9. september)
-  våte lange myrer i Hodlekve (søndag 10. september).
- ungdomsamling og o- trolleir med overnatting i hytte med god standard! 

Innbydelser finner du her:
KM - sprint og lang: https://eventor.orientering.no/Documents/Event/37854/1/Innbydelse
o-trollleir: https://eventor.orientering.no/Documents/Evmed ent/38072/1/Innbydelse
ungdomssamling: https://eventor.orientering.no/Events/Show/18514

 -------------------- 

Førde IL Orienteringdeltok i fjor på Stafett for livet - Kreftforeningen sitt arrangement.
Det vart ein suksess, og vi har også meldt på lag i år. Det skjedde før årets terminliste for o-sesongen kom ut. Skulle det vere løparar som IKKJE reiser til Sogndal, så håper vi dei kan vere med på stafetten. Meld deg på her: https://pamelding.stafettforlivet.no/stafett/forde/




Nærløp og postinntaking

Postet av Førde Idrettslag den 28. Aug 2023

Frammøte: Gjesdalsdalen, Vassenden i Jølster, onsdag 30.8. kl.18.00 v DM arena (sjå bilde nederst). Bomveg kr 50,-. 

Det blir tilbod om å springe N og C løypa frå DM mellom (søndagsløpet).
I staden for AKort og ALang løype blir det dugnad der vi satsar på hente inn dei 74 postane som står ute i terrenget.

Påmelding og registrerig ved frammøte. 
Dugnadsløparar får utlevert kart med postar som den enkelte skal hente inn. 
Anders Fagerstrøm Slåtten, Bjørn Olav Øvrebø, Torodd Os og Kjell Arne Hjellbrekke har alt meldt seg på dugnaden.  Fint om fleire kan komme.  Under eksempel på kart som dugnadsløparane får.





Siste løp i Førde-drakt

Postet av Førde Idrettslag den 27. Aug 2023

Anja Hole tok ein ny siger i DM i Gjesdalsdalen søndag 27. august. Dette var siste løpet for henne i Førde-drakt for denne gang. Frå måndag spring ho for Halden, og når NM går av stabelen neste veke/helg, så representerer ho Østfold-klubben. - Eg har valgt å gje orientering ein sjanse for eitt år, og då vert det flytting til austlandet og satsing i Halden, fortel ho. Anja avslutta med stil, med to DM-titlar denne helga. I tillegg til Anja hadde Førde fleire andre DM-vinnarar på søndag. Håkon Grønli vann klasse H17-18, Brita Eilertsen Grønli klasse D80, Torodd Os H70 og Andreas Haug H40.  

Fullstendig resultatliste i Eventor. 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

I tillegg takkar vi følgjande firma for gåvepremiar i samband med DM:
Enivest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Dale Rør AS, Apotek 1 Førde, Montér Førde, Intersport Førde, Specsavers Førde,  Power Sunnfjord, Spar Førde, Coop Extra Førde


Nokre av deltakarane i dei yngre klassane. 








Tre DM-meistrar frå Førde

Postet av Førde Idrettslag den 26. Aug 2023

DM i orientering i Gjesdalsdalen på Jølster. Vi er ferdige med første dag. Førde IL Orientering fekk tre vestlandsmeistrar laurdag. Anja Hole vann klasse D19-20,Torodd Os klasse H70, og Brita Eilertsen Grønli klasse D80. Vi nemner også desse gode plasseringane frå Førde-løparar: Gaute Osvoll nr. 4 i klasse H13-14, Håkon Grønli nr. 2 i klasse H17-18, Andreas Haug nr. 3 i klasse H21-, Torbjøn Holsen nr. 2 i klasse H40, Sidan løpet var på Jølster er det kjekt å trekke fram at Kjell Øygard hadde best tid i løypa B-Åpen 17-. Fullstendig resultatliste med strekktider og livelox-oppdateringar finn du her. 

Søndag 27. august er vi klare for dag 2. Ordinær start frå kl 11.00, medan opne løyper har moglegheit til start frå kl 10.00. 

Bildet viser samlingsplass - og var tatt rett før løparane kom. Med løparar og funksjonærar var vi kring 180 personar i Gjesdalsdalen laurdag. 

Bildet under viser Nybyrjarløype 2 som skal brukast søndag 27. august. 





Resultat KM mellom 19.8.

Postet av Førde Idrettslag den 23. Aug 2023

KM i orientering mellomdistanse vart arrangert i Naustdal 19. august, med Tambarskjelvar IL som arrangør. KM-vinnarar frå Førde; Anja Hole, D19; Brita Eilertsen Grønli, D80; Gaute Osvoll  H13-14; Håkon Grønli H19-; Gunnar Gytri, H60; Kurt Grønli H70. Vi gratulerer! 

Resultatliste: 

D11-12
Vena Fristad, Askvoll 17,45
Olea Fristad, Askvoll 20,46
Brita Svarstad Heggdal, Markane 30,16
Ann Kristin Kusslid, Førde 94,03

D13-14;
Olina Svarstad Heggdal, Markane 26,42

D19:
Anja Hole Førde 43,38

D40:
Anne Marie Svarstad, Markane 38,15
Ann Therese Kusslid, Førde 58,53

D50:
Sølvi Karin Nyberg Bergset, Veten 77,16

D80:
Brita Eilertsen Grønli, Førde 69,11

H13-14:
Gaute Osvoll, Førde 25,57
Morris Sægrov Asheim, Førde 97,38

H19:
Håkon Grønli, Førde 41,27
Lars-lvar Årseth, Nydalen 45,37
Torbjørn Os, Førde 45,46
Ingar Hals, Sogndal 47,50

H50:
Anders Bergset, Veten 44,35
Kjell Ove Bergset, Veten 48,51

H60:
Gunnar Gytri, Førde 39,29
Jan Herstad, Tambarskjelvar 51,59
Harald Hjellbrekke, Førde 58,17
Johan Magerøy, Førde 60,59

H70:
Kurt Grønli, Førde 58,53
Torodd Os, Førde 65,55
Atle Støyva, Breimsbygda 101,46

H80:
Sveinung Fristad, Askvoll 40,29

N-løype:
Arya Stubhaug Tjørhom, Førde
Maximillian Stubhaug Tjørhom, Førde

A-kort open:
Anders Os Mallasvik, Førde 30,42
Olav Herstad, Tambarskjelvar 45,20
Knut Ivar Osvoll, Førde 50,23

 




Resultat Langeland 23.8.

Postet av Førde Idrettslag den 23. Aug 2023

Etter ein regntung dag, med regntunge myrar, skein sola opp. Over 50 løparar på start på Langeland skisenter onsdag 23. august. Løypevinnarar: C kvinner Ann Kristin Kusslid, C menn Anders Mallasvik, A-kort kvinner Gørill Fristad, A-kort menn Gaute Osvoll, A-lang menn Håkon Grønli.

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Nærløp Langeland 23.8

Postet av Førde Idrettslag den 21. Aug 2023

Klart for o-løp onsdag 23. august på Langeland skisenter. Oppmøte ved skihytta.
Løypelengder:  A-lang: 5,1 km,  A-kort: 3,6 km,  C-løypa: 2,4 km,  N-løypa: 1,7 km. 

Påmelding gjer du enklast her:  Velkomen til alle. 

Obs! Sjå opp for rulleskiløparar i full fart!

Framleis mogeleg å melde seg på DM i orientering i Gjesdalsdalen laurdag 26. og søndag 27. august.. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





DM, ungdomsleir og o-troll

Postet av Førde Idrettslag den 18. Aug 2023

Helga 26.-27. august arrangerer Førde IL Orientering Distriktsmeisterskap på det nye kartet i Gjesdalsdalen på Vassenden i Jølster. Kartet er det Gunnar Gytri som har teikna, og bildet over er det han som har tatt i samband med utlegging av postar til arrangementet. 

Her er løyper for alle om ein vil stille i konkurranseklasse eller om ein vil stille i åpne klasser med fristart. Det er fortsatt mulig å melde seg på så eg legg ved lenker til påmeldinga, så de er bare eit klikk fra å melde dåkke på. Legg og ved invitasjonen så de kan sjå litt kva dette går ut på. Går fint å kombinere funksjonærjobb med å springe. 

Påmelding DM Langdistanse

Påmelding DM Mellomdistanse

Ungdomssamlinga er for 13-25 år og starter fredag ettermiddag og varer til søndag. 25-27/8. Her blir det overnatting på Vassenden i hytter, med ulike aktiviteter, sosialt og felles måltid.

NB! det er ikkje så mange plasser igjen så vær snar å meld på! Legg ved link til påmelding og invitasjon til samlinga. Fint om vi får ein god gjeng med ungdommar fra Førde med på samlinga. 

Påmelding Ungdomssamling

Det blir og O-Trolleir for 8-12 år på Vassenden fra laurdag til søndag. 26-27/8. Her blir det leik og moro, felles måltid og overnatting. Ein flott muligheit for å bli kjent med andre som liker å halde på med orientering. Legg ved link til påmelding og invitasjonen, så de kan sjå litt meir om kva som skal skje. Håper vi ser mange barn, gjerne med foreldre, på leir på Vassenden.

Påmelding O-Trolleir

Påmeldingsfrist leirane er søndag 20. august.
Påmeldingsfrist løp er onsdag 23. august. 




64 på løp i Sundsdalen

Postet av Førde Idrettslag den 16. Aug 2023

Flott frammøte på nærløpet i Sundsdalen 16. august. 64 løparar på start. Løypevinnarar vart A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Elisabeth Kusslid, A-kort menn Iver Aarseth, C kvinner Vena Frislid, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert på Langeland onsdag 23. august. Påmelding her

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




O-helg i Naustdal

Postet av Førde Idrettslag den 15. Aug 2023

Førstkomande helg er det to orienteringsløp i Naustdal.
Laurdag 19. august er det KM mellom start kl 16.00. Frammøte Åsedalen, merka frå Naustdalstunnelen (4 km).
Søndag 20. august er det den tradisjonsrike Haustbløyta med start kl 12.00. Frammøte Helgås, merka frå brua i Naustdal sentrum. 

Kart begge dagar; Helgåsmarka. Nyrevidert kart, og dei fleste løypene er inn om område som ikkje har vore brukt til orientering på mange år.   

Oppfordrar løparar frå Førde å ta den korte turen til Naustdal desse dagane. Viktig at Førde IL Orientering støttar opp om og deltar på løp i nærområdet!
Ordinær påmeldingsfrist er onsdag 16.8 kl 23.59.  Meir informasjon og påmelding her. 

Fine vermeldingar er det og :) 





O-løp Sundsdalen 16.8.

Postet av Førde Idrettslag den 13. Aug 2023

Nærløp i Orientering i Sundsdalen onsdag 16. august frå kl 18.00. Oppmøtestad 4H-plassen/lysløypa, p-avgift.  Løyper: A lang 4,4 km, A kort 2,8 km, C løype 1,3 km og N-løype 1,1 km (bilde). Påmelding gjer du helst på Eventor, men det er også mogeleg å melde seg ved oppmøte. Velkomen til alle! - 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri






O-løp Kråkenesmarka 9.8 - resultat

Postet av Førde Idrettslag den 3. Aug 2023

32 løparar på start i Kråkenesmarka onsdag 9.8. Ein regnfull kveld, men når ein først er komt i gang merker ein ikkje regnet :) Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Andreas Haug, A-kort kvinner Gunnhild Daling Korsøen, A-kort menn Gunnar Gytri, C menn Idar Øye. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.  

Neste nærløp vert onsdag 16. august i Sundsdalen. Påmelding gjer du her. 

Minner og om KM mellom  laurdag 19. august og Haustbløyta søndag 20. august. Begge løpa går i Naustdal. Innbyding og påmelding finn du her. 

-------------------------------------------------------------- 

Då startar vi opp haustsesongen med nytt nærløp i Kråkenesmarka onsdag 9. august. Start frå kl. 18:00 frå Skyttartun på skytebana. Som vanleg har vi løyper som passar for alle: Enkel N løype på 1,4 km, lett C løype på 2,1 km, og to krevande løyper AK på 2.5 km og AL på 4,2 km.

Påmelding gjer du på Eventor. Det er også høve for å melde seg på ved start. Velkomen! 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Turorientering i sommar

Postet av Førde Idrettslag den 7. Jul 2023

Sommaren er ei fin tid for turorientering, og i og kring Førde finn du 8 ulike terreng/kart med ulik vanskegrad du kan prøve deg på. Så langt er det 67 personar som har registrert seg, men vi har plass til mange fleire :) Bildet over er frå Mo jordbruksskule og Huldefossen, som er utgangspunkt for ein av turane. Turen på Mo er ein del av Norges Orienteringsforbund sitt samarbeid med Skoda, og du kan finne meir informasjon om dette her.

Full oversikt over turane og nedlasting av kart i Sunnfjord gjer du på turorientering.no
God tur! 




Norvald Ospehaug 70 år

Postet av Førde Idrettslag den 6. Jul 2023

Norvald Ospehaug må sjåast på som ein legende i o-miljøet i Sunnfjord. Torsdag 6. juli fyller han 70 år. I 50 år har Norvald levert kart, løyper og gode utskrifter. Han har heile tida justert seg etter utviklinga og raskt sett seg inn i ny teknologi. Her er han avbilda med ipad og ocad sketch app, slik at kartet blir nøyaktig. Norvald har vore og er ein viktig bidragsytar til o-miljøet i fylket, både på klubb- og kretsplan. I desse dagar held han på å ferdigstille nytt kart til KM mellom som Tambarskjelvar arrangerer i august, og han er også teknisk delegert under Vestlandsmeisterskapen seinare same måned. Dette og mykje meir får han tid til - om det er å arrangere nærløp eller legge ut treningsløyper i Helgåsmarka. Norvald er viktig for o-miljøet! Førde IL Orientering gratulerer så mykje med den runde dagen!  



Førde på Midnattsolgaloppen

Postet av Førde Idrettslag den 1. Jul 2023

Sjølv om det det er orienteringsfri i Førde framover, finst det rikeleg med moglegheiter for dei som ønsker å springe orientering i Norge i sommar. Denne veka har Midnattsolgaloppen blitt arrangert, og Førde hadde ein god delegasjon til stades. Dei to første løpa gjekk i Sverige i Abisko med IFK Kiruna som arrangør, medan dei to siste gjekk i Bjerkvik, rett nord for Narvik. - Sol frå skyfri himmel, døgnet rundt, var tilbakemelding som vart gitt. Resultatmessig har det også vore mykje å glede seg over. Våre gratulasjonar til Håkon Grønli som vann klasse H17-18E alle fire dagane.  

Resultata kan ein finne her. 





37 på løp i Solheimsdalen

Postet av Førde Idrettslag den 28. Jun 2023

Siste nærløp før ferien var i Solheimsdalen onsdag 28. juni, med 37 løparar på start. Bildet viser C-løypa.  Løypevinnarar: A-lang kvinner Anja Hole, A-kort kvinner Julie Daling, C-kvinner Anita E. Hole. A-lang menn Torbjørn Os, A-kort menn Jon-Kristoffer Navelsaker, C-menn Sveinung Fristad. 

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 9. august. Under finn du liste over løp som Førde IL Orientering arrangerer hausten 2023. I tillegg kjem fleire krinsløp, m.a. to løp i Naustdal; KM mellom laurdag 19.8, og Haustbløyta søndag 20.8.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




DM Vassenden 26.-27. august

Postet av Førde Idrettslag den 26. Jun 2023

Laurdag 26. og søndag 27. august 2023 vert det Vestlandsmeisterskap i orientering på Vassenden i Jølster. Førde IL Orientering er arrangør av løp over to dagar. Laurdag 26.8 vert det langdistanse med start kl 15.00,  og søndag 27.8 mellomdistanse med start kl 11.00. Løpa går på det nye kartet i Gjesdalsdalen, som første gong vart brukt til KM-natt hausten 2022. 

Det vert også arrangert ungdomsleir og o-troll leir for dei yngste denne helga.
Sjå Eventor for innbyding og påmelding. For påmelding innan 30. juni det "Early bird-pris".

Oppfordrar flest mogeleg i Førde IL Orientering til å sette av denne helga,
og ta del i arrangementet - som løpar og/eller funksjonær. 

Fullstendig innbydelse til DM, samt ungdomsleir og o-troll-leir finn du her: 

Innbydelse til DM: DM 2023.pdf
Innbyding til O-troll-leir: Innbyding til o-troll leir Vassenden august 2023.pdf
Innbyding til ungdomssamling: Ungdomssamling under DM.pdf


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp Solheimsdalen 28. juni

Postet av Førde Idrettslag den 26. Jun 2023

Siste o-løp for nærløpa tar ferie vert onsdag 28. juni i Solheimsdalen kl 18.00. Samlingsplass inst i Solheimsdalen, p-avgift kr 20,-, Løypeleggar melder om følgjane løyper: A-lang 5,6 km, A-kort 3,3 km, C-løype 2,9 km og N-løype 2,2 km. 600 meter å gå til start og mål. Velkomen til alle! 

Påmelding via Eventor. Det er også høve å melde seg på ved frammøte. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




40 til start i Djupedalen

Postet av Førde Idrettslag den 21. Jun 2023

40 løparar hadde tatt turen til Djupedalen ved flyplassen på løpet onsdag 21. juni. Løypevinnarar: A-lang kvinner Anja Hole, A-kort kvinner Gøril Fristad, C kvinner Vena Fristad. A-lang menn Håkon Grønli, A-kort menn Gunnar Gytri, C-løype Anders Mallasvik. 

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Siste løp før sommarpause for nærløpa er onsdag 27. juni i Solheimsdalen. Påmelding gjer du her.

Minner og om at det ligg treningsløyper i Helgåsmarka i Naustdal. For dei som var med på nærløpet tidlegare i år, er det same parkeringsplass. Der vil ein finne to løyper, ca 2,5 og 3,5 km. Karta ligg i postkasse, så ein forsyner seg og legg dei tilbake etter bruk. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Treng leiarar til nytt aktivitetstilbod

Postet av Førde Idrettslag den 19. Jun 2023

Førde IL Orientering ønsker frå hausten 2023 å starte opp eit nytt tilbod. Vi skal legge betre til rette for at unge i alderen 8-12 år som ønsker å ha aktivitet ute med leik og moro skal få eit gratis aktivitetstilbod. Stad vil vere Hafstadparken i Førde. Vi har søkt og fått tildelt offentleg tilskot for å gjennomføre dette.  

Det skal vere eit lågterskeltilbod med mest leik og moro – og kanskje litt innslag av orienteringssporten på nokre av kveldane.   Vi har ikkje spikra alle detaljane men ser for oss ein kveld i veka. Det som så langt er diskutert er kvar måndag frå skulestart i haust og i første omgang kring 10 gonger i haust. Tidspunkt kl 18.00 – 19.30. Ca ein time aktivitet, etterfulgt av kveldsmat inne på FIL-huset.

Tilbodet skal vere gratis (også kveldsmat) for dei som ønsker å vere med!

Ansvarleg for «MorO»
Førde IL orientering ønsker ein person som kan ta på seg det praktiske rundt dette. Vere ansvarleg for at vi har folk nok, lage rutinar for dette, kontakte dei rette instansar, økonomi etc. Klubben tenker å betale honorar for å få dette «opp og gå» i haust. Er dette noko du kan tenke deg? Meld di interesse til Knut Even Hole, knuteh@gmail.com, tlf 902 01 994, innan 31. juli. Styret vel kven som vert ansvarleg. Honorar etter avtale. 

Aktivitør/instruktør:
 I tillegg har vi mål om å rekruttere ungdommar frå 16 år og oppover som aktivitørar/instruktørar. Arbeidsoppgåver: Førebu kvelden, ta imot borna, registrere dei, kontakt med forelder, aktivitet ute i Hafstadparken, hjelpe til med kveldsmat.
 Opplæring vil bli gitt. Her kan ein lese meir om korleis dette kan gjerast.
http://www.orientering.no/media/filer_public/7e/90/7e907ecb-7aa4-48a0-ad57-c07f43937385/rekr_folder_2016.pdf

Som aktivitør/instruktør er det ein fordel om ein kan litt om kart og orientering, men det er ikkje  noko krav. Det viktigaste er at du likar å ha det moro ute saman med born i denne alderen.
Er du interessert, eller veit om andre som kan passe, ta kontakt med Knut Even Hole, knuteh@gmail.com, tlf 902 01 994.  Honorar pr time for dei som er aktivtør/instruktør.

Påmelding: Vi kjem attende med på detaljar for korleis ein kan melde på deltakarar.




Nærløp Djupedalen 21. juni

Postet av Førde Idrettslag den 18. Jun 2023

Onsdag 21. juni vert det nærløp i Djupedalen ved flyplassen kl 18.00. Her er løypelengder som er langdistanse, A-Lang 5,97 km kart 1:10 000, A-Kort 3,93 km kart 1:7500, C-Løype 2,23 km kart 1:7500 og N-Løype 1,33 km kart 1:7500.

Merka frå rv 57, kjem du frå Førde er det først avkøyring etter Flyplassvegen, ca 200 meter ved postkassestativ.  Adressa for arena er Svartetjørnvegen 38 (bildet). Det er bomveg kr 50,-, kan betalast med Vipps. Det er litt avgrensa med p-plassar, men vi får plass til alle :) Nytt dei utkøyringane på vegen som er der. 

Påmelding gjer du enklast på Eventor, men det er og mogeleg å melde seg på ved start. Velkomen til alle! 

NB! TRENINGSLØYPE:  I Helgåsmarka i Naustdal ligg det ute treningsløype. For dei som var med på nærløpet tidlegare i år, er det same parkeringsplass. Der vil ein finne to løyper, ca 2,5 og 3,5 km. Karta ligg i postkasse, så ein forsyner seg og legg dei tilbake etter bruk. 

Siste nærløp før vi sommaren vert onsdag 28. juni i Solheimsdalen. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri







Rotekoppen laurdag 17. juni

Postet av Førde Idrettslag den 12. Jun 2023

Laurdag 17. juni er det klart for den tradisjonsrike Rotekoppen på Breim. Start kl 15.00. Rotekoppen er eit fellesstart-løp, med kartbytte for 5 og 3 km. Elles vanlege O- løyper. Inntil 15 min å gå til start for alle. Frammøte Høygardane, merka frå E 39 ved Hetle og frå RV 60 ved Øvreset.

Så langt er det få påmeldte - oppfordrar løparar frå Førde IL Orientering om å ta turen Rotekoppen! Ordinær påmeldingsfrist er onsdag 14.6.

Innbyding og påmeldingslink finn du her. 




O-løp Byrkjeflot 14. juni - resultat

Postet av Førde Idrettslag den 11. Jun 2023

37 løparar stilte til start i godt og varmt sommarver på Byrkjeflot 14. juni. Klassevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Andreas Haug, A-kort kvinner Charlotte Watson, A-kort menn Gunnar Gytri, C-kvinner Synnøve Husevåg Lobben, C-menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

Neste nærløp vert onsdag 21. juni i Djupedalen ved flyplassen. Påmelding her. 


------------- 

Det vert nærløp orientering onsdag 14. juni på Byrkeflot/Kinna.  Samlingsplass grushola/p-plass på Byrkjeflot. Merka frå E39 Sunde retning Sundsdalen.

Løype engder a-lang 4,9 km, a-kort 3,6 km, c-løype 2,4 km og n-løype 1,3 km.  A-lang løype går over strømgjerde 2 plasser, men det er ikkje strøm på gjerde.

Påmelding gjer du her. Også høve til å melde seg på ved start. Velkomen til alle.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Resultat lagsmeisterskap 7. juni

Postet av Førde Idrettslag den 7. Jun 2023

50 løparar stilte til start på nærløp og lagsmeisterskap i Sundsdalen onsdag 7. juni. Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole. A-lang menn Håkon Grønli. A-kort kvinner Anne Therese Kusslid. A-kort menn Gunnar Gytri. C-kvinner Ann Kristin Kusslid. C-menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du på Eventor. 

Neste nærløp blir onsdag 14. juni i Sundsdalen, Byrkjeflot, Kinna. Påmelding her. 







O-løp Sundsdalen 7. juni

Postet av Førde Idrettslag den 5. Jun 2023

Då er det klart for lagsmeisterskap langdistanse i Sundsdalen onsdag 7. juni. Løypeleggar melder om følgjande løypelengder.  A lang 6,8 km. A kort 4,0 km,  C 1,5 km og N 1,1 km. Lause postbeskrivelsar på AL og AK. Målestokk: AL 1:10000. AK 1:7500. Annan info: Løparane på dei to A-løypene må passere to sauegjerder. Det er merka av anbefalt passeringsstad på kartet, men det kan være mogleg å passere andre stader og. Gjerda er i dårlig forfatning og ganske låge mange plasser. På A-løypene kan ein og finne eit delvis oppsatt straumgjerde (stått lenge). Ikkje straum på og heller ikkje med på kartet. 

Ekstra: I tillegg til lagsmeisterskap vert det delt ut ein ekstra premie. Det vert delt ut spurtpris til beste herre/dameløpar, til den som har best strekktid AL/AK på strekket mellom nest siste og siste post. Premie blir delt ut på premiefesten i haust.

Velkomen til alle. Påmelding på Eventor. Det er også høve til å melde seg på ved start.  

Parkeringsavgift kr 40,- til grendelaget, betalast med Vipps til #103904 Sunde krins grendalag 

 

Om ein bommer i A-løypene kan ein finne denne karen her :




O-helg i Nordfjord

Postet av Førde Idrettslag den 4. Jun 2023

Denne helga har det vore orienteringshelg i Nordfjord. Det har vore krinsløp både laurdag og søndag, samt o-troll leir og ungdomsleir. Kjekt at fleire unge frå Førde tok del på leirane. Fullstendig resultatlister finn du på Eventor, tar med resultata frå løparane frå Førde på laurdag 3.6:

Resultata for søndag kjem etter kvart på eventor.




170 sprang rakettløype

Postet av Førde Idrettslag den 2. Jun 2023

Førde IL Orientering var på plass under Helse Førde-stafetten torsdag 1. juni. Vi hadde tilbod om rakettløype både på dagtid - for 5. klassingar i Sunnfjord - og på kveldstid under stafetten/barneløpa. Dette var eit populært tilbod, og kring 170 born prøvde seg i løpet av dagen, og tilbakemeldingar er at dei ivrigaste hadde over 20 runder.  Tar vi med forelder og andre som følgde borna, var det veldig mange inn om teltet der o-gruppa hadde rigga seg til. Ei fin marknadsføring av o-idretten. Vi fekk delt ut nokre o-brosjyrer og ein fekk positive signal om at nokre vil komme og prøve seg på nærløp. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri  




Godt oppmøte i Naustdal

Postet av Førde Idrettslag den 31. Mai 2023

52 deltakarar stilte til start i Helgåsmarka onsdag 31. mai. Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Mark Purkins. A-kort kvinner Gøril Fristad, A-kort menn Gunnar Gytri. C kvinner Vena Fristad, C menn Anders Mallasvik. 

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 7. juni i Sundsdalen. Det er også lagsmeisterskap langdistanse.
Påmelding gjer du her.


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri  




O-troll leir Stryn og Geilo

Postet av Førde Idrettslag den 28. Mai 2023

For dei aller yngste er det to o-troll leirar dei neste  helgane. Først er det leir i Stryn 3.-4. juni. Den skjer i samband med to løp i Nordfjord laurdag og søndag.

Helga etter er o-troll leir på Geilo. Den er i samband med 3-dagers løp på Geilo den helga.
Sjå informasjon og bli med. Det kan vere kjekt å reise, og oppleve orientering saman med andre. Og så er det veldig sosialt, og det å bli kjent med løparar frå andre klubbar er ikkje feil :)

Innbydelse Stryn 3 4 juni 2023.pdf

Innbyding til o-troll leir Geilo 9-11 juni 2023.pdf





O-løp Naustdal 31.5.

Postet av Førde Idrettslag den 28. Mai 2023

Nærløp orientering onsdag 31. mai i Naustdal. Merka frå Rv 5 ved Naustdalsbrua. Ca. 4 km langs vegen mot Helgås. Parkering/samlingsplass på parkeringsplass Kvernahushaugane ved vegen mot Helgås. Start og mål ved samlingsplass.  4 løyper: 4,5 km A nivå. 3,5 km A nivå, 2 km C nivå. 1,5 km. N løype. Kart: 1:7500 på vassfast papir. N løype 1: 5000 på vassfast papir. Tambarskjelvar IL er arrangør. 

Påmelding på Eventor gjer du her. Også høve til å melde seg på ved start. 

Minner også om o-løp i Nordfjord laurdag 3. og søndag 4. juni. Sjå Eventor for innbydelse og påmelding.
NB! Her er det også o-troll leir (7-12 år) Innbydelse Stryn 3 4 juni 2023.pdf
og ungdomsleir (13-25 år) Innbydelse ungdomsleir.pdf

Det er også o-troll leir på Geilo 9.-11. juni. Innbyding til o-troll leir Geilo 9-11 juni 2023.pdf

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Resultat Sunnfjordorienteringa

Postet av Førde Idrettslag den 24. Mai 2023

53 løparar på Sunnfjordorienteringa onsdag 24. august. Løypeleggar Kurt Grønli fekk godord for løypene. Løypevinnarar vart: 5,1 km; Menn: Mark Purkins. 4,1 km: Kvinner: Charlotte Watson. Menn:  Anders Eilertsen Grønli. 3,0 km; Kvinner: Julie Daling. Menn: Gunnar Gytri. 2,2 km; Menn: Johan Husevåg Lobben. 1,9 km: Kvinner:  Silje Skauge. Menn: Gaute Osvoll.  Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 31.5 i Helgåsmarka i Naustdal. Påmelding gjer du her.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




O-troll leir Stryn 3.-4. juni

Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2023

Det var kjekt å treffe andre o-troll og ungdom på treningssamling på Kaupanger helga 13.-14. mai. Neste treningssamling som vert arrangert i samband med krinsløp vert arrangert i Stryn/Fjelli 3.-4.juni. Førde IL oppmodar alle rekruttane våre om å melde seg på dette (påmeldingsfrist 31. mai). 

Lenke til påmelding: https://eventor.orientering.no/Events/Show/18370

Vi kan gjerne avtale felles transport. Kontakt trenings- og rekrutteringsrådet v/Julie Daling dersom spørsmål. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Sunnfjordorienteringa - resultat

Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2023

53 løparar på Sunnfjordorienteringa onsdag 24. august. Løypeleggar Kurt Grønli fekk godord for løypene. Løypevinnarar vart: 5,1 km; Menn: Mark Purkins. 4,1 km: Kvinner: Charlotte Watson. Menn:  Anders Eilertsen Grønli. 3,0 km; Kvinner: Julie Daling. Menn: Gunnar Gytri. 2,2 km; Menn: Johan Husevåg Lobben. 1,9 km: Kvinner:  Silje Skauge. Menn: Gaute Osvoll.  Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 31.5 i Helgåsmarka i Naustdal. Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Prøv turorientering

Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2023

Minner om turorienteringstilbodet i Førde.  I alt ligg det ute 8 ulike kart med postar på - med ulik vanskegrad. Så langt i sesongen har 41 deltakarar registrert seg. Turorientering er eit fint tilbod - og postane kan gjerne brukast som "treningsarena" for aktive løparar. Passar fint denne veka, der det ikkje er nærløp. Kartet over er frå Mo jordbrukssskule der det ligg postar. Det ligg også m.a. postar kring Sunnfjord Museum. Gå inn på turorientering.no og Førde i søkefeltet. Du lastar ned aktuelle kart der. Lukke til!

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Nærløp Sundsdalen 10.5 - resultat

Postet av Førde Idrettslag den 7. Mai 2023

54 løparar stilte til start på nærløpet onsdag 10.5. Løypevinnarar vart: AL kvinner Sunniva Skuset, AL menn Mark Purkins, AK kvinner Anja Hole, AK menn Gunnar Gytri, C kvinner Kjellfrid Støylen Skilbrei, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Minner om kretsløp Sogndal laurdag 13.5 og søndag 14.5. Her er også O-troll leir og Ungdomsleir. Meir informasjon finn du her. 

Neste løp i Førde vert onsdag 24. mai. Det er den tradisjonsrike "Sunnfjordorienteringa". Frammøte Sundsdalen, ballbingen. Det betyr eit litt større løypetilbod,og premiering. Håper at mange frå Førde vert med også denne kvelden. Til dette løpet er det eiga innbyding. Informasjon finn du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

--------------------------


Nærløp i Sundsdalen, Førde Vassverk, onsdag 10. mai kl 18.00. Løyper for alle. Påmelding på
Eventor (klikk link), eller ved frammøte. Velkomen til alle! 




7. plass i NM

Postet av Førde Idrettslag den 6. Mai 2023

Håkon Grønli vart laurdag 6. mai nummer 7 i NM knock-out sprint klasse H17-18 i Sandefjord.  Og det er ein glad og fornøgd Håkon som fortel om dagen.

- Vi var kring 60 i klassen. Det starta med prolog kl 11. Då var det inn i karantene uten mobil og informasjon. Det starta med individuell start, og dei 30. beste tidene ville gå vidare. Eg var nummer 16 i prologen, og gjekk vidare til semifinalen. Der var vi delt inn i tre heat, 10 løparar i kvart. Dei tre beste løparane i kvart heat gjekk direkte til finale, samt den personen som hadde best tid av dei som vart nummer 4.E g vart nummer fire i mitt heat, men hadde sprunge i det heatet med dei klart beste tidene. Eg kunne difor gjere meg klar til finale. I finalen vart det ein 7. plass,

- Eg er veldig fornøgd med prestasjonen i dag, fortel Håkon. Det var veldig jamt, og det var berre 14 sekund opp til gullet. I finalen var det ikkje gafling, alle hadde same løypa, så det vart litt henging. Eg tok nokre i spurten, så hadde litt på lur heilt til slutt, fortel han. 

Håkon har hatt ei veldig god sportsleg helg i Sandefjord. Fredag  vart det ein 21. plass i  sprint. 

Førde IL Orientering gratulerer så mykje! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Ungdomsleir og O-troll-leir til helga

Postet av Førde Idrettslag den 3. Mai 2023

--------------------------------------------------------------

Helga 13. og 14. mai er det krinsløp i orientering på Kaupanger, med Sogndal IL som arrangør.
Innbydelsen med viktig informasjon kan du lese her: Innbydelse 13-14mai.docx

Same helg er det O-troll-leir for dei aller yngste.
Informasjon og påmelding finn du her: Innbyding til o-troll leir i Sogndal 13.-14. mai 2023.pdf

Det er også ungdomsleir for aldersgruppa 13-25 år. Info og påmelding finn du her: Invitasjon Ungdomssamling Sogndal_mai_23.pdf

NB! Overnatting Vesterland: 20% rabatt på ordinære prisar. Gje beskjed at du er o-løpar.

Førde IL Orientering oppfordrar medlemmer i klubben til å ta turen til Sogndal denne helga. 




69 deltok på løp 3. mai

Postet av Førde Idrettslag den 1. Mai 2023

Veldig gledeleg med heile 69 deltakarar på nærløpet onsdag 3. mai. Løypevinnarar: A-lang menn Håkon Grønli, A-lang kvinner Charlotte Watson, A-kort menn Jon-Kristoffer Navelsaker, A-kort kvinner Gøril Fristad, C menn Johan Husevåg-Lobben, C kvinner Anita E Hole.

Fullstendig resultatliste med strekktider finn du på Eventor. Klikk her.
Neste løp vert onsdag 10.5 ved Førde Vassverk i Sundsdalen. Påmelding her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

-------------------------------------

Nærløp orientering onsdag 3. mai kl 18.00. Frammøte Ulvedalane, ca 3 km frå Moskog retning Holsen. Løyper for alle. Velkomen :) Påmelding gjer du her. 




Resultat Vieåsen - 65 til start

Postet av Førde Idrettslag den 24. Apr 2023

65 løparar stilte til start på nærløpet i Vieåsen onsdag 26. april. Ekstra kjekt var det å sjå mange nye ansikt på løp - ikkje minst var det mange frå Sunnfjord U40 som var med. Løypevinnarar: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellengen, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Julie Daling, A-kort menn Jostein Fredly, C kvinner Ann Kristin Kusslid og Elisabeth Kusslid, C menn Håvar Dankel.  Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp blir onsdag 3. mai i Ulvedalane, mot Holsen. Påmelding gjer du her. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri

----------------------------------



Nærløp orientering onsdag 26. april i Vieåsen. Parkering ved barnehagen/fotballbana i Vieåsen. Start frå kl 18.00.   Løpet er lagsmeisterskap i sprint for Førde IL Orientering. Løypelengder: A-lang 3,1 km, A-kort 2,6 km, C-løype 1,5 km og N-løype 1,0 km (løypelengder korrigert 25.4). 

Løypene i A-klassen vert delt ut ved start. 

Kan vere greitt med ei påminning om enkelte kartsymbol som er forbode å krysse i sprint:  Det gjeld t.d. høge murar (på kartet tjukk svart strek), høgt gjerde med to taggar, hagegrønt og hekkar (mørk grønn). Hugs at det er kartet som bestemmer kor ein kan springe. 

Ta turen til Vieåsen. Sprintløp er moro! Velkomen til alle. Påmelding gjer du her: 

-------------------------------------------------- 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri




Orientering utanfor Førde

Postet av Førde Idrettslag den 24. Apr 2023

Skal ein utvikle seg som o-løpar må ein inn i mellom prøve seg utanfor Førde.  Det vere seg løp i krinsen, på nasjonalt nivå, eller reise til utlandet. Bildet er frå England i påska. 

Håkon Grønli og Anja Hole var i vinter invitert med på treningsleir i Alicante i Spania av bergensklubben Varegg. Det vart ei hektisk veke med mykje trening.

Anja Hole var i påska i England saman med Mark Purkins og Charlotte Watson og deltok på JK Orientering 4-dagers.  Anja fekk desse resultata: Dag 1, sprint, nr. 7. Dag 2, mellom, nummer 1. Dag 3, lang, nummer 2. Samanlagt nummer 2. Den fjerde dagen var det stafett, og ho sprang da saman med løparar frå Oppsal Orientering med ein 11.plass som resultat.

Sist helg var det to løp i Askvoll. Fredag var det KM natt. KM-vinnarar frå Førde: Anja Hole i D19, Håkon Grønli i H19 og Torodd Os i H70. Laurdag var det krinsløp med 38 startande frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Resultatlista finn du her. https://eventor.orientering.no/Events/Show/17549

Førstkomande helg er det NM nattorientering fredag i Halden. Der deltek Anja Hole og Håkon Grønli frå Førde. Same helg er det norgescup, verdenscup og publikumsløp i samband med det. Kring 1500 deltakarar er påmeldt til løpet laurdag, og det same søndag. Følgjande er påmeldt frå Førde: Helge Schei, Torodd Os, Kurt Grønli, Anja Hole og Håkon Grønli.

Mellomdistanse, England. Anja Hole vann klassen sin.

Kjekt med Førde IL Orientering-drakt på pallen i England.

Krinsløp Askvoll 22. april 2023. Premieutdeling.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde 




O-løp Førde ungdomsskule - resultat

Postet av Førde Idrettslag den 17. Apr 2023

59 løparar til start på løpet på Førde ungdomsskule. Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Håkon Grønli, A-kort kvinner Julie Daling, C kvinner Vena Fristad og C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du på eventor. Klikk her. 

Neste nærløp vert onsdag 26. april i Vieåsen. Påmelding gjer du her. 

--------------------------------------------- 

Nærløp orientering onsdag 19. april frå Førde ungdomsskule. Start frå kl 18.00.  Dette er sprintløp der du kan velje mellom 4 løyper i Førde sentrum: A-lang løype på 2,9 km, A-kort på 2,1 km, C-løype på 1,5 km og N-løype på 0,8 km. Kartmålestokk 1:4000 og 1:3000. Alle postar og fornuftige vegval er slik at joggesko er idielle løpssko denne dagen.

Påmelding: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17844

Minner også om løp i Askvoll førstkomande helg - med nattløp fredag og ordinært krinsløp laurdag. Hadde vore kjekt om mange frå Førde tok turen. Informasjon og påmelding.
https://eventor.orientering.no/Events/Show/17549 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice #dale rør - #enivest - #spar alti 




Kurs i løypeteikning

Postet av Førde Idrettslag den 14. Apr 2023


Sogn og Fjordane Orienteringskrins arrangerer digitale kurs i løypeteikning!
Førde IL Orientering oppfordrer alle som er interessert til å delta.

Interesserte melder tilbake til Knut Even Hole; knuteh@hotmail.com, innan måndag 17.4, så tar vi samla påmelding til kretsen. 

"No byrjar o-sesongen å komme i gang og både ferske og erfarne løypeleggarar skal i aksjon framover. Frå krinsen si side vil vi hjelpe klubbane med å halde eit høgast mogleg teknisk nivå på treningar og løp, så om det er interesse for det vil vi arrangere kurs den kommande månaden i løypeteikning på PC for dei som ønskjer å lære eller bli flinkare på dette, og kurs i løypelegging for dei som er uerfarne  løypeleggarar. Dette er ein type kurs som også finst i regi av NOF, men målet er at vi kan få til meir tilpassa opplegg og tettare oppfølgjing ved å arrangere sjølv.

Eg ber om at klubbane tar ein runde internt på kven som kan ønskje å delta frå dokker og gjev ei tilbakemelding, helst innan ei veke, på kva dag/tidspunkt som passar best. Nytt gjerne høvet til å huke tak i foreldre, ungdommar eller andre dokker vil inkludere meir i klubbdrifta og som kan få løypelegging som ein fin veg inn. Under har eg satt opp forslag til datoar, men dette kan vi tilpasse om det passar dårleg.

  • Teikning av løyper i Purple Pen: Torsdag 27.04 eller 04.05 kl. 19-21
    (valfri hjelp til å installere PP onsdag kveld)
  • Løypelegging: Torsdag 11. mai kl. 19-21
    ("heimearbeid" og oppfølgjing etter to veker)

Kursa er i utgangspunktet tenkt å vere digitale (på Teams), men eg er mobil og om nokon heller vi ha det fysisk så skal vi få til det. Berre ta kontakt. Eg legg opp til å starte kursa "frå scratch" så ein treng ikkje noko førehandskunnskap, også tilpassar vi etter nivået på deltakarane og eg er såklart tilgjengeleg for oppfølgjing også i etterkant."

Helsing Jakob Kalvig Skogan, SFOK"




63 til start i Movika

Postet av Førde Idrettslag den 12. Apr 2023

63 løparar stilte til start i årets første nærløp i Movika. Løypevinnarar; A-lang menn Mark Purkins, A-lang kvinner Anja Hole, A-kort menn Gunnar Gytri, A-kort kvinner Gøril Fristad, C menn Anders Mallasvik, C kvinner Vena Fristad. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her. 

Neste nærløp vert onsdag 19. april kl 18.00 med oppmøte på Førde ungdomsskule. Påmelding gjer du her. 

-------------------------------------------------------------------------
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest




Orientering Movika 12.4

Postet av Førde Idrettslag den 10. Apr 2023

Onsdag 12. april er vi klar for årets første orienteringsløp i Førde. Oppmøte i Movika, Sunnfjord Museum. Start frå kl 18.00. Løyper for alle nivå. A-lang 3,7 km, A-kort 2,5 km, C-løype 2,7 km og Nybyrjarløype på 1,3 km. A-løypene er i terrenget mot Moskog nord-aust for E39. C-løype og N-løype går frå museet.  

 Påmelding ved oppmøte, eller på eventor.orientering.no;  https://eventor.orientering.no/Events/Show/17841

Velkomen til alle!
-------------------------------------------------------------------------
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest




Turorienteringa 2023 er klar

Postet av Førde Idrettslag den 3. Apr 2023

Rekordtidleg oppstart av årets turorientering

1.april går startskotet for dei første turane i turorienteringa for 2023. Sidan vi har diffirensiert turane etter tilgjengelegheit og vanskegrad etter samme skala som turistforeininga, grøn -, blå -, raud -, og svart tur kan vi starte opp no med turar i sentrum og låglandet. Desse turane klare:
Flatene/Halbrend  -   Grøn tur 8 postar
Vieåsen/Slåtten -     Grøn tur  8 postar
Førde barneskule -   Grøn tur  8 postar
Mo jordbruksskule - Grøn tur  6 postar
Movika               -      Blå tur    5 postar

Gjesdalsdalen      - Raud tur  10 postar   - i skrivande stund bør ein bruke ski
Solheimsdalen    - Raud tur 10 postar   - i skrivande stund bør ein bruke ski 

Alle karta med alle postane og all anna viktig info er tilgjengeleg på nettet, turorientering.no og på tur-o-appen som kan lastast ned der du lastar ned dine appar.

God tur.






Info om o-sesongen 2023

Postet av Førde Idrettslag den 26. Mar 2023

Vi nærmer oss start for o-sesongen 2023. Kick-off vert onsdag 12. april i Movika kl 18.00.
Då vert det også start for o-skulen. Her finn du nærløpsliste for sesongen, samt anna nyttig informasjon:
Nyhetsbrev 1-23.docx

________________________________________________________________________
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest 




O-skule for alle!

Postet av Førde Idrettslag den 26. Mar 2023

Førde IL orientering vil også i år arrangere O-skule for alle fem onsdagar i april og mai.  Ein blir med i ulike grupper etter alder. Første samling onsdag 12. april. Påmeldingsfrist er 5. april. O-skulen 2023.docx




Skadefri treningskvardag 15.2

Postet av Førde Idrettslag den 9. Feb 2023

Vi har vel alle opplevd overbelastning i ledd eller musklatur. Onsdag 15.2. vert det høve til å lære meir om trening, og korleis unngå skader i treningskvardagen. Denne kvelden kjem fysioterpeut Aud Vassbotten Storøy og manuellterapeut Marit Anne Smørdal til å gjennomføre ei økt kl 19.00 - 21.00 i gymsalen på Slåtten skule. Her vert det både teori og praktisk trening, så ta med treningsklede. Økta er mest mynta på aktive i alderen 11-25, men det er fullt mogeleg for absolutt alle å komme denne kvelden - aktive som forelder. Her kan ein ein få gode tips til ein aktiv og skadefri treningskvardag. Velkomen til alle.
Her kan du lese litt meir om Norges Orienteringsforbund sitt initiativ til slike arrangement:
Gratis klubbkveld om idrettsskader.pdf




Årsmelding og saksliste årsmøte

Postet av Førde Idrettslag den 4. Feb 2023

Førde IL Orientering har årsmøte tysdag 14. februar kl 18.00 på FIL-huset i Hafstadparken.
Årsmelding med rekneskap for 2022, samt budsjettforslag for 2023 finn du her.
Årsmelding 2022.pdf

Sakliste for årsmøtet finn du her:  sakliste-årsmøte.pdf

Velkomen til alle! 




Årsmøte tysdag 14. februar

Postet av Førde Idrettslag den 12. Jan 2023

Førde IL Orientering kallar inn til årsmøte tysdag 14. februar kl 18.00 på FIL-huset.

Vanlege årsmøtesaker.
Saker som medlemer ønsker å ta opp på årsmøtet, sender ein styret v/leiar seinast 1. februar.
Send til epost: knuteh@hotmail.com

Fullstendig sakliste med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengelig for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet på https://orientering.fordeidrettslag.no/

For å ha stemmerett må medlemmer ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett.

Styret.