Innetrening Slåtten skule
Postet av Førde Idrettslag den 5. Nov 2024
Klart for innetrening på Slåtten skule kvar onsdag kl 19-20 framover mot jul. Leik, styrketrening og litt o-teknisk trening. Vi har plass til mange - også dei som ikkje har vore med før. Hyggeleg og uformelt. Ta turen.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Premiefest onsdag 30. oktober
Postet av Førde Idrettslag den 27. Okt 2024
Førde IL Orientering har premiefest for 2024-sesongen onsdag 30. oktober i Hafstadparken.
Vi starter med O-løp med start kl 1730. NB! Ta med lys - hovudlykt eller lommelykt.
Etter løpet vert det premiefest kl 1830 i FIL-huset.
Premieutdeling for turorientering, nærløp og lagsmeisterskap.
Kake, saft og kaffi. Utlodding.
Velkomen til alle!
Her finn du premielistene:
Premieliste lagsmeisterskap2024.xlsx
---------------------------------
PS! Minner også om at måndag 28.10 er Hall-O-ween. MorO for aldersgruppa 8-12 år, som vanlegvis held til i Hafstadparken, har denne måndagen flytta seg til Langeland Skisenter, med oppmøte kl 17.30.
Det vil bli skummel o-løype med godteriposter. Kanskje ein og anna skummel person?
Det vil og bli rakettløype. Ta med lomme- eller hodelykt. Kanskje borna vil ha med foreldre så det ikkje blir for skummelt i nattemørket. Vi avslutter kvelden med kveldsmat og kakao på Skihytta. Tilbodet er gratis!
https://www.facebook.com/groups/1415887119062587
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Bli med o-krinsen på fellestur(ar) i 2025
Postet av Førde Idrettslag den 16. Okt 2024
Sogn og Fjordane Orienteringskrins ønsker å legge til rette for fellesturar for å delta på løp utanfor krinsen i 2025. Dei ønsker innspel frå løparar og klubbar på kva nasjonale løp ein skal planlegge felles reise/overnatting på.
https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSeP8m6iaFo2vUEQMXGv-JtR0qg63KUtwjUDv2Ziw6VXLE1FSg/viewform?fbclid=IwY2xjawF8wM9leHRuA2FlbQIxMQABHUZAYixo1we5k3VRlzi7KQJcGBji9A4eVkycPJgiD-5V23j4nG1MtbDoVg_aem_URZj4cBVdgZ23Ft6hF8Yaw
Idrettens møteplass 27.10.
Postet av Førde Idrettslag den 8. Okt 2024
Søndag 27. oktober er det "Idrettens møteplass" i Førdehuset kl 10.00 - 16.00.
Det er fellessamling for Friidrett, Ski og Orientering.
Felles kl 10.00 - 13.00, før ein splittar seg til haustmøte i dei ulike greinene.
For orientering vil det m.a. vere saker som gjeld 2025-sesongen på: tiltaksplan, terminilste, premiar til unge utøvarar, leir/fellestur(ar) i 2025.
I tillegg vil det vere treningssamling for ungdom denne dagen.
Sjå fullstendig innbyding her. Det er fritt fram å melde seg på, frist 20.10.
Kjekt om det kjem mange frå o-gruppa.
Minner også om kompetansehelg på Gardermoen 2.-3. november.
Frå Førde vil Knut Even Hole vere med (som krinsleiar og leiar for Førde IL Orientering), Julie Daling skal vere med på trenar-1 kurs, og Harald Hjellbrekke har også meldt seg på med spesiell interesse for det som går på turorientering. Om det er fleire som kan tenke seg å vere med?
Programmet for kompetansehelgen kan du lese i helhet: HER (høyoppløselig) og HER (lavoppløselig)
Trener-1 kurs arrangeres samme sted og et par av seminarene er integrert i kurset. Påmelding samme sted og samme frist som for kompetansehelgen. Se egen innbydelse HER
Dersom nokon frå Førde ønsker å vere med, kontakt Knut Even Hole. Framleis mogeleg å melde seg på.
Nattorientering onsdag 9.10.
Postet av Førde Idrettslag den 6. Okt 2024
Onsdag 9. oktober er det nytt natt-løp i orientering. Oppmøte Langeland skisenter. Start når det er mørkt, tidlegast kl 1930. Tre løyper: A-lang er 3,8 km, A-kort er 2,5 km og C-løypa er 2,2 km.
Påmelding i Eventor, eller ved frammøte.
Det er vidare planlagt tre natt-løp seinare i haust:
Onsdag 16.10 Sundsdalen, frammøte ved lysløypa. Lagsmeisterskap.
Onsdag 23.10 Sundsdalen, frammøte ved lysløypa.
Onsdag 30.10. Hafstadparken, FIL Huset. Etter løpet vert det premiefest :)
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri