Skiskulen 2021

Mobile Førde skiskule!

Førde Alpin vil i samarbeid med Sunnfjord skisenter og vår sponsor Mobile Førde ynskje ditt barn velkommen til årets skiskule. Skiskulen startar  måndag 18.januar. klokka 18:00. Stad: Sunnfjord skisenter i Blomlia. 

 

Førde alpin tilbyr skiopplæring til barn og unge fødd i år 2016 og eldre. Fem kurskveldar måndagar klokka 18:00-19:30. 

Måndagar 18. og 25.  Januar

Måndag 1. 8. og 15. februar

Pris 800,- kroner for kurset. Betaling for heiskort kjem i tillegg.

 

Deltakarar på skiskulen får tilbod om å kjøpe årskort til redusert pris i Sunnfjord skisenter Blomlia for kroner 1700,-. Årskortet kan du kjøpe på Din Sport under nattope i Førde, eller i billettluka i Sunnfjord skisenter når vi har registrert di påmelding. Hugs på at det er gratis skikort for 4. klassingar og born 0-6 år.    

Våre instruktørar vil gjere sitt beste for at ditt barn skal få ei god skioppleving og vi garanterer skiglede. Vi ynskjer ditt barn velkommen og gledar oss til å treffe nye og tidlegare deltakarar.   

Skiskulen blir gjennomført  etter gjeldande smittevernsreglar og i samråd med kommunelegen. Skulle det bli avlyst får de tilbakebetalt påmeldingsavgifta.

Grupper og påmelding (N.B! Begrensa antall plassar, først til mølla prinsippet)

Gruppe 1: Nybyrjar

Dei fleste på denne gruppa har aldri stått på slalåmski, første målet er at alle skal lære å ploge og stoppe for eiga maskin. Deretter går vi over til plogsving i ulike modellar og løyper. Erfaringsvis er borna på plogsving etter 2 - 3 måndagskveldar. Barnebakken er ein trygg og god arena for å lære seg å stå på ski, heisen er lett å ta og går passeleg fort, vi har og gode hjelparar i heisen. 

 

 Gruppe 2: Vidarekomne 

Ungane skal kunne køyre plogsvingar og klare å ta skitrekket aleine. Her er det fokus på læring gjennom leik og moro. Målet for kurset er at du no lærer å køyre med parallelle ski og større fart. Treninga til denne gruppa vil være både i den nye familiebakken og i storebakken. 

 

Gruppe 3: JIBBING

Jibbing  er ein populær form for alpint. Dette er eit tilbod for dei som vil ha nye utfordringar, likar frikøyring, leik, triks og hopp. Ungane på denne gruppa må kunne ta heis sjølv, må ha stått på ski før, og kunne ta seg kontrollert ned.


Alle som deltek på skiskulen og ynskjer å bli meir kjend med alpinsporten har tilbod om å halde fram med alpintrening  på torsdagar med oss i Førde alpin frå klokka 18:00-20:00. 


TRYKK HER FOR PÅMELDING 



Påmelding skiskulen 2021



Levert av IdrettenOnline