Nærløp Førde Vassverk

Nærløp Førde Vassverk


Tid


Onsdag 22. mai klokka 18.00 arrangerer o-gruppa orienteringsløp ved Førde Vassverk, ca 1,5 km frå Sundsdalskrysset, retning Sundsdalen. Sjå kart nedanfor. Vegen er merka med o-skjermar frå E39. 

Løpet har også status som lagsmeisterskap mellomdistanse.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved førehåndspåmelding til løpet i Eventor.

Dette er siste dagen for deltakarane på O-skulen, som startar som vanleg klokka 17.30.

Velkommen!



Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.