Resultat: Bilhuset Førde KM Alpint i Blomlia 07.03.2020

Postet av Førde IL - Alpin den 7. Mar 2020

Laurdag 7. mars hadde Førde IL Alpin gleda av å vere vertskap for årets Bilhuset Førde KM Storslalom og slalom. Rundt 40 deltakerar stilte til start i begge disiplinar, og det var nok spesielt alpintalenta Ane Malen Sætren Myklebust (Sogndal, J15-16) og Oskar Ellingsund (Jølster. G13-14) som imponerte med råsterk køyring i begge disiplinar. 

Førde IL Alpin kan bokføre 7 klassesigrar i rangerte klassar, irekna 4 KM-titlar:

  • Bertine Hauge Angedal - storslalom og slalom (J11 -12)
  • Timian Hauge Hafstad - slalom (G11 - 12)
  • Martine Vik - dobbelt krinsmeister (J13 -14)
  • Tuva Hoff Nedrebø - dobbelt krinsmeister (K junior I)

Elles var to journalistar hjarteleg til stades (Firda / Førde IL jubileumsboka), og elles medvirka burger-grillmeisterane May-Elin og Rune til å skape ei flott kulinarisk ramme rundt arrangementet. Michelin-stjerne er allereie undervegs.

Vi trøbla litt med tidtakeranlegget i siste omgang av slalomen, men dette tek vi nok fort lærdom av.

Summa summarum ein strålande KM-dag i Blomlia. Under finner man også eit utklipp av Firda sin flotte omtale etter arrangementet.


 

FRÅ FØRDE ALPINT: Øvst frå venstre:: André Strand, Kristine Strand, Martine Vik, Silje Hafstad, Julie Torvund, Olianna Knapstad. Nest øvst frå venstre: Timian Hafstad, Lise Hafstad, Bertine Hauge Angedal, Tuva Nedrebø, Hanne Strand, Nora Indrebø, Sivert Solheim, Olai Vik, Lucas Helle Reed. Framst frå venstre: Reidar Angedal, Truls Angedal, Lasse Hafstad og Jonas Knapstad. 

Foto:


0 Kommentar

Årsmøte tysdag 3. mars 2020

Postet av Førde IL - Alpin den 25. Feb 2020

Tysdag 3. mars vert det årsmøte. 

Stad: Haftstadparken, klubbhuset

Tid: 20.00

Saksliste:

1) Godkjenne dei vedtaksføre

2) Godkjenne innkalling, saksliste og forretningsorden

3) Val av møteleiar, referent, to til å signere årsmøteprotokollen

4) Årsmelding 2019

5) Rekneskap 2019

6) Innkommande saker

7) Fastsette kontingent

8) Arbeidsplan og budsjett

9) Organisasjonsplan

10) Val


0 Kommentar

Skiskulestart 2020

Postet av Førde IL - Alpin den 23. Feb 2020




0 Kommentar

Skiskulen 2020

Postet av Førde IL - Alpin den 9. Nov 2019

Førde alpin tilbyr skiopplæring til barn og unge fødd i år 2015 og eldre. Fem kurskveldar måndagar klokka 18:00-19:30, før vinterferien tek til. 

Måndagar 13. 20. og 27. Januar

Måndag 3. og 10. februar

Pris 800,- kroner for kurset. Betaling for heiskort kjem i tillegg.

 

I år gir vi våre deltakarar på skiskulen tilbod om å kjøpe årskort til redusert pris i Sunnfjord skisenter/Blomlia for kroner 1700,-. Årskortet kan du kjøpe på Din Sport under nattope i Førde, eller i billettluka i Sunnfjord skisenter når vi har registrert di påmelding. Hugs på at det er gratis skikort for 4. klassingar og born 0-6 år.    

Våre instruktørar vil gjere sitt beste for at ditt barn skal få ei god skioppleving og vi garanterer skiglede. Vi ynskjer ditt barn velkommen og gledar oss til å treffe nye og tidlegare deltakarar.  

 

Påmelding gjer du på heimesida til førde alpin https://alpin.fordeidrettslag.no

Gruppe 1: Nybyrjar

Dei fleste på denne gruppa har aldri stått på slalåmski, så målet er at alle først skal lære å ploge og stoppe for eiga maskin. Deretter går vi over til plogsving i ulike modellar og løyper. Erfaringsvis er dei fleste borna på plogsving etter 2 - 3 måndagskveldar. Barnebakken er ein trygg og god arena for å lære seg å stå på ski, heisen er lett å ta og går passeleg fort for dei minste, vi har og gode hjelparar i heisen. 

 

 Gruppe 2: Vidarekomne 

Ungane skal kunne køyre plogsvingar og klare å ta skitrekket aleine. Her er det fokus på læring gjennom leik og moro. Målet for kurset er at du no lærer å køyre med parallelle ski og større fart. Treninga til denne gruppa vil både være i den nye familieheisen og i storebakken.

 

Gruppe 3: JIBBING

Jibbing  er ein populær form for alpint. Dette er eit tilbod for dei som vil ha nye utfordringar, likar frikøyring, leik, triks og hopp. Ungane på denne gruppa må kunne ta heis sjølv, må ha stått på ski før og kunne ta seg kontrollert ned slalåmbakken.

 

Vi ynskjer å ha med oss fleire interesserte alpinistar og foreldre i vår klubb og gode miljø. Alle som deltek på skiskulen får tilbod om å halde fram med alpintreninga etter skiskulen på torsdagar i regi av Førde alpin. På desse treningane trenar vi for å konkurrere og få fram gode alpinistar.


0 Kommentar

Resultat: SPV Alpincup Blomlia 26.01.2019

Postet av Førde IL - Alpin den 26. Jan 2019

Femti "young & attacking Vikings" deltok på slalomrennet i Sunnfjord Skisenter Blomlia laurdag 26.01.2019. Etter to omgangar var det Sogndølane Ane Malen Sætren Myklebust (J 13/14, 1:37.55) og Eivind Stedje Hofslundsengen (G 15/16, 1:30.22) som vart raskaste jente & gut samanlagt. 


SPV Alpincup Blomlia 26.01.2019 - Resultatliste.pdf


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline