Barmarkstrening sesongen 2017-2018

Postet av Førde IL - Alpin den 29. Aug 2017

Barmarkstrening for Førde Alpin startar opp i veke 35. Det blir trening kvar søndag klokka 18:00-20:00. Følg med på facebook på førde Alpin (gruppe) kva som skjer på dei ulike søndagane. Etter haustferien eller starten av november blir det barmarkstrening også på torsdagar 19:00 - 20:00. Trening for dei yngste (U12) inne i gymsalen på Slåtten! Slyngetrening klokka 19:00-20:00 på spenst for dei over 12 år.

Vel møtt til alle som vil vere med på alpintrening med Førde Alpin

Helsing trenarane: Stig, Marius, Anders og Martin Olav

Førde IL Alpin (gruppe)




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc